Sist oppdatert 8.2.2014 kl 14:10
Grunnleggende ferdigheter i faget
Grunnleggjande ferdigheiter er integrerte i kompetansemåla, der dei medverkar til å utvikle fagkompetansen og er ein del av han. I samfunnsfag forstår ein grunnleggjande ferdigheiter slik:
Å kunne uttrykkje seg munnleg og skriftleg i samfunnsfag inneber å fortelje om hendingar i fortida og samtida, å greie ut om stader og fakta og å bruke definisjonar, omgrep og faguttrykk til å forklare årsaker og verknader knytte til samfunn og kultur. Det inneber å kunne presentere resultat av eige arbeid tydeleg og forståeleg for andre, og å kunne samtale om sine eigne og andre sine presentasjonar. Skriftleg og munnleg uttrykksevne vil seie å kunne reflektere over meiningsinnhaldet i tekstar, bilete, film og gjenstandar, og å kunne samanlikne, argumentere og drøfte verdiar i informasjon og kjelder, i hypotesar og i modellar.
Å kunne lese i samfunnsfag inneber å setje seg inn i, granske, tolke og reflektere over faglege tekstar og skjønnlitteratur med stigande vanskegrad for å oppleve kontakt med andre tider, stader og menneske. Å kunne lese vil samtidig seie å behandle og bruke variert informasjon frå bilete, film, teikningar, grafar, tabellar, globus og kart. For å forstå og delta aktivt i samfunnet ein lever i, er det òg nødvendig å kunne lese og samle informasjon frå oppslagsverk, aviser og Internett og vurdere dette kritisk.
Å kunne rekne i samfunnsfag inneber å behandle og samanlikne talmateriale om faglege tema, og å bruke, tolke og lage tabellar og grafiske framstillingar. Rekning i samfunnsfag handlar òg om å gjere undersøkingar med teljing, bruke målestokk på kart og rekne med tid.
Å kunne bruke digitale verktøy i samfunnsfag inneber å gjere berekningar, søkje etter informasjon, utforske nettstader, utøve kjeldekritikk og nettvett og velje ut relevant informasjon om faglege tema. Digitale ferdigheiter vil òg seie å vere orientert om personvern og opphavsrett, og kunne bruke og følgje reglar og normer som gjeld for internettbasert kommunikasjon. Å bruke digitale kommunikasjons- og samarbeidsreiskapar inneber å utarbeide, presentere og publisere eigne og felles multimediale produkt, kommunisere og samarbeide med elevar frå andre skular og land.
Kompetansemål i faget
Etter Vg1/Vg2 i vidaregåande opplæring
Individ og samfunn
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
• definere sentrale omgrep knytte til sosialisering og bruke dei til å undersøkje trekk ved sosialiseringa av ungdom i Noreg
• forklare kvifor kjønnsroller varierer mellom samfunn og kulturar og diskutere kvifor kjønnsrollene endrar seg over tid
• rekne ut inntekter, planleggje pengeforbruk i ein familie ved å bruke ulike verktøy og vurdere korleis sparing og låneopptak påverkar personleg økonomi
• drøfte rettane ein har som forbrukar og diskutere forbrukaren sitt etiske ansvar
• gjere greie for endringar i familie- og samlivsformer
• gjere greie for økonomiske og juridiske sider ved å gå inn i eit samliv og diskutere følgjer av samlivsbrot
• bruke digitale verktøy til å finne informasjon om omfanget av kriminalitet i Noreg, grunngje kvifor samfunnet straffar og gjere greie for korleis kriminalitet kan førebyggjast
Arbeids- og næringsliv
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne • definere omgrepet levestandard og livskvalitet, gjere greie for årsaker til at levestandarden i Noreg har auka og diskutere om auken har ført til betre livskvalitet
- bruke digitale verktøy til å hente informasjon om ulike yrker og diskutere moglegheiter og utfordringar på arbeidsmarknaden i dag
- reflektere over verdien av å ha eit arbeid og kva som kjenneteiknar eit godt arbeidsmiljø
- gjere greie for årsaker til arbeidsløyse og drøfte måtar å redusere arbeidsløysa på
- diskutere noen etiske problemstillingar knytte til arbeidslivet
- gjere greie for organisasjonane sin plass i det norske arbeidslivet og for faktorar som bestemmer lønn og arbeidsvilkår
- vurdere utfordringar ved å etablere ei bedrift • trekkje ut hovudlinene i resultat- og balanserekneskapet til bedrifter med manuelle og digitale verktøy
Politikk og demokrati
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne • gjere greie for korleis ein sjølv kan vere med i og påverke det politiske systemet gjennom bruk av ulike kanalar for påverknad og kunne gjere greie for ulike utfordringar for demokratiet
- diskutere samanhengar mellom styreform, rettsstat og menneskerettar
- gjere greie for styreforma og dei viktigaste politiske styringsorgana i Noreg og drøfte fleirtalsdemokratiet i forhold til urfolk og minoritetar
- identifisere grunnleggjande skilnader mellom dei politiske partia i Noreg, og argumentere frå ulike politiske ståstader
- gjere greie for sentrale kjenneteikn ved norsk økonomisk politikk
- diskutere hovudprinsippa for den norske velferdsstaten og dei utfordringane den står overfor
Kultur
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne • definere omgrepet kultur og gje døme på at kultur varierer frå stad til stad og endrar seg over tid
- presentere hovudtrekk ved samisk kultur i dag og reflektere over kva det vil seie å vere urfolk
- beskrive hovudtrekk ved kulturen til nokre minoritetar i Noreg og drøfte utfordringar i fleirkulturelle samfunn
- forklare kvifor fordommar oppstår og diskutere korleis framandfrykt og rasisme kan motarbeidast
- gje døme på korleis religion og etnisk variasjon påverkar samfunn og kultur
Internasjonale forhold
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- definere omgrepet makt og gje døme på korleis makt blir brukt i verdssamfunnet
- forklare omgrepet globalisering og vurdere ulike konsekvensar av globalisering
- gje døme på internasjonalt samarbeid og beskrive Noreg som internasjonal aktør
- gjere greie for FNs arbeid med fred og menneskerettar og forklare FNs rolle i det internasjonale arbeidet for urfolk
- gjere greie for EU sine mål og styringsorgan og diskutere Noreg sitt forhold til EU
- bruke digitale verktøy til å finne døme på ulike typar konfliktar i verda og presentere ein aktuell internasjonal konflikt og forslag til å løyse konflikten
- gjere greie for årsaker til at somme land er fattige og somme rike og drøfte tiltak for å redusere fattigdom i verda
- gjere greie for kva som kjenneteiknar internasjonal terrorisme og reflektere over årsaker til terrorisme
- diskutere samanhengen mellom økonomisk vekst, miljø og berekraftig utvikling